Årsrapport 2020

5.2.3 Forsking og utvikling

Forsking og utvikling i kommunal regi handlar om å «bygga stein på stein». Målet er å auka forskingsinnsatsen og ta imot og bruka forskingsresultat inn i tenestene. Samarbeid om forsking er sentralt.

Frå 2020 er ansvaret for koordinering og tilrettelegging av forskingsarbeidet organisatorisk lagt til stabsområdet Innovasjons- og støttetenester. Dette har bidrege til eit samla løft i arbeidet med å styrka forskings- og utviklingsarbeidet i kommunen.

Styrking av forskingsinnsatsen til kommunane innanfor helse- og omsorgstenestene gjennom lokalt og regionalt samarbeid.

Utfordringane som kommunane står overfor, krev ny kunnskap. Forsking vil gi oss kunnskap om kva som fungerer. Det er behov for strukturar for samarbeid utover kommunegrensa som kan fremma forsking og auka forskingsinnsatsen.

Arbeidet til kommunedirektøren med å etablera eit interkommunalt samarbeid for forsking innanfor helse- og omsorgstenestene i Rogaland har vore eit prioritert område i 2020. Stavanger har teke på seg ansvaret med å vera ein motorkommune for kommunane i Sør-Rogaland. Både KS Rogaland og Statsforvaltaren i Rogaland støttar opp om arbeidet til kommunen. Statsforvaltaren i Rogaland har mellom anna tildelt kr 800 000 i 2020 til etableringa av klyngesamarbeidet. Arbeidet med etableringa og formaliseringa av samarbeidet er forseinka etter planen på grunn av koronasituasjonen. Kommunen har i 2020 også bidrege inn i arbeidet med å etablera eit regionalt forskingssamarbeid på Vestlandet mellom kommunane innanfor helse- og omsorgstenestene.

Forsking i eigen regi

I 2020 blei budsjettet for FoU-satsinga i kommunen styrkt med kr 1,6 millionar. Det har gjort det mogleg å etablera eit nytt, offentleg doktorgradsprosjekt i 2020 innanfor helse og velferd. Prosjektet omhandlar interkommunalt samarbeid med kommunar i Sør-Rogaland og Stavanger universitetssjukehus (SUS) om ambulant rehabilitering.

Det første doktorgradsprosjektet til kommunen gjennom den offentlege ordninga er no sluttført. Stipendiaten disputerte hausten 2020 for doktorgraden sin «Fysisk aktivitet i skolen, fra forskning til praksis. Muligheter og utfordringer ved å implementere fysisk aktiv læring som didaktisk verktøy i skolen» og fekk heiderleg omtale. Som ein del av prosjektet er det òg utarbeidd eit forslag til ein plan for formidling av forskinga.

Internasjonal satsing

Stavanger kommune har gjennom året styrkt det internasjonale engasjementet sitt innanfor forsking og utvikling. Noregs forskingsråd har i samband med det nye forskings- og innovasjonsprogrammet Horisont Europa i EU nedsett ulike referansegrupper. Forskingsrådets referansegrupper for Horisont Europa skal komma med innspel til Noregs prioriteringar, strategiske prosessar og oppfølginga av Horisont Europa, EUs neste sjuårige rammeprogram.

Stavanger er ein av dei få kommunane som har fått representantar inn i referansegruppene, og den einaste kommunen i Noreg med representasjon i to referansegrupper. Stavanger kommune er representert i Helse-gruppa og i Klima, energi og mobilitet-gruppa.

Tenesteområdet bymiljø og utbygging (BMU) har søkt om og fått plass for tre medarbeidarar i mentorordninga til Noregs forskingsråd for kommunar og fylkeskommunar frå 2020–2022. Ordninga starta i mars 2020, og målet er å skriva og senda inn minst ein Horisont Europa-søknad innan to år frå arbeidet starta.

Saman med referansegruppene utgjer mentorordninga ei styrking av søknadskompetansen i kommunen og innsikt i EU sitt nye forskings- og innovasjonsprogram «Horisont Europa».

Stavanger kommune har i løpet av hausten drøfta nye samarbeidsformer med Stavangerregionens Europakontor. Kontoret er ein viktig brubyggar til dømes i samband med EU-søknader og dessutan andre former for europeisk samarbeid. Dei kan hjelpa til med å identifisera aktuelle utlysingar og samarbeidspartnarar i til dømes FoU-prosjekt. Arbeidet om forsterka samarbeid held fram i det nye året.

AI4Cities – EU-prosjekt – Horizon 2020

AI4Cities er eit H2020-prosjekt der Stavanger saman med byane Helsingfors, København, Amsterdam, Tallinn og Parisregionen vil utfordra marknaden til å utvikla løysingar for morgondagen. Teknologiske nyvinningar baserte på kunstig intelligens skal bidra til å redusera CO2-utslepp frå bygningar og køyretøy, og på den måten bidra til å innfri klima- og miljøplanen. Gjennom AI4Cities vil Stavanger kommune bidra til utviklinga av nye løysingar, men også skapa nye marknader og arbeidsplassar. Prosjektet har forma av ei førkommersiell anskaffing (PCP) og omfattar innkjøp av utviklingstenester (FoU). Ein PCP følger ein standard definert for H2020 og er beskriven som eit internasjonalt samskapingsprosjekt.

Ved utgangen av 2020 har prosjektet kunngjort ein felles konkurranse, og førebur arbeidet med evaluering av prosjektforslag og seinare arbeid knytt til leverandørane si konseptutvikling, prototyputvikling og testing i byane.

Program for storbyretta forsking

Programstyret for storbyretta forsking skal styrka interessene til storbyane og sikra at dei er i stand til å løysa oppgåvene dei er sette til å utføra.

Saman med KS skal storbyane Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Kristiansand samarbeida om forskings- og utviklingsprosjekt som er særleg relevante for storbyane og kommunane. I 2020 har programmet blitt utvida med tre medlemmer: Tromsø, Bærum og Drammen. Programmet blir finansiert av KS.

I 2020 er følgande prosjekt ferdigstilte: Program for storbyretta forsking – prosjektoversikt.

  1. Menneskehandel i arbeidslivet
  2. Busetting av flyktningar i storbyane
  3. Kva frivilligsentralane har å seia for vekst i det frivillige arbeidet
  4. Vidareutvikling av klimabudsjettarbeidet

Stavanger kommune har delteke i alle dei gjennomførte prosjekta i 2020.

I tillegg er det i 2020 løyvd midlar til fleire prosjekt som er under planlegging med oppstart i 2021. Dette gjeld mellom anna:

  1. Statistikk og analyse i storbykommunane: vegen mot ein datadriven kommune. Forprosjekt med workshop(ar)
  2. Handlingsrommet til byane som eigarar av arbeidsmarknadsbedrifter
  3. Når storbyane møter irregulære migrantar
  4. Kulturnæring i storby – ringverknad for andre sektorar