Årsrapport 2020

4.3.1 Oversikt

Komplisert økonomisk bilete
        Det fullstendige biletet av dei økonomiske konsekvensane som koronapandemien har hatt for Stavanger kommune, er svært komplisert.

Det fullstendige biletet av dei økonomiske konsekvensane som koronapandemien har hatt for Stavanger kommune, er svært komplisert. Ein del kostnader – og inntektstap – er konkrete og lette å skilja ut i samband med koronasituasjonen. Andre kostnader oppstår meir indirekte i tenesteproduksjonen når han skal leggast til rette for førebyggande smittevern, eller når effektar av pandemien skal målast. Stadige endringar i smittetrykk og tiltaksomfang har komplisert målingane. Beste estimat er brukte.

Det er krevjande å få eit fullstendig bilete av dei økonomiske konsekvensane koronapandemien har hatt for Stavanger kommune. Det er teke utgangspunkt i meirkostnader og mindreinntekter utover opphavleg budsjettramme, i tillegg til omdisponerte ressursar.

Samla koronarelaterte kostnader inklusive lokale prioriteringar utgjer om lag kr 310,9 mill. og kr 288,5 mill. når ein del sparte kurs- og reisekostnader blir tekne omsyn til i 2020. Staten har gjennom ulike ordningar bidrege med kr 288,5 mill. til generell finansiering gjennom ulike økonomiske krisepakkar. Øyremerkte statlege tilskot inngår i netto koronakostnader på tenesteområda.

KoronaøkonomiRekneskap 2020
Koronakostnader  
Kostnadselement på tenesteområda287,7
Lokalpolitiske tiltak7
Økonomisk kompensasjon lokalt næringsliv (statlig finansiering)16,2
Sum koronarelaterte kostnader310,7
Sparte kurs- og reisekostnader-22,4
Netto sum koronarelaterte kostnader288,5
Statlege finansieringsordningar 
Statlege tildelingar gjennom frie inntekter218,6
Andre finansieringstiltak frå staten - integrering8,3
Andre finansieringstiltak frå staten - arbeidsgiveravgift og sjukepengar m.m.61,6
Sum statleg finansiering288,5
Tabell 4.2. Oversikt økonomiske konsekvensar av koronapandemien og tilhøyrande finansiering. Beløp i millionar kroner.
Last ned tabelldata (Excel)

Rekneskapen viser kr 287,7 mill. i koronarelaterte netto utgifter på tenesteområda, inkludert omdisponerte ressursar1. I tillegg har Stavanger kommune kostnader knytte til koronapandemien på kr 23,2 mill. Dette er lokalpolitiske tiltak som Barnas sommar (kr 7 mill.) og økonomisk kompensasjon til det lokale næringslivet (kr 16,2 mill. som er finansierte av staten).

Det er estimert tapte inntekter utover det som blir beskrive som koronarelaterte kostnader, på om lag kr 46 mill. Desse er hovudsakleg knytte opp mot integreringstilskot, Johannes læringssenter, billettinntekter svømmehallar, leige ved Forum Expo og skjenkeavgift. Ein del av desse mindreinntektene (samanlikna med budsjett) har òg mindrekostnader knytte til seg. Til dømes når førsteårbusetting av flyktningar blir halvert, vil dette medføra lågare kostnader med ei slik busetting, og dessutan lågare tilskotsinntekter frå staten. Bortfall av nokre tilbod kan samtidig føra til eit større behov og etterspurnad etter andre tenester. Inntektstapet på kr 46 mill. er følgeleg ikkje teke med i oversikta over koronakostnader i 2020.  Skatteinntektene er òg haldne utanfor den økonomiske statusen ved årsslutt.

Trass i ein krevjande situasjon har verksemdene levert gode tenester, som er tilpassa dei til kvar tid gjeldande smittevernreglane. Løpande driftsoppgåver og nye oppgåver er handterte under pandemien. Dette er løyst både gjennom omdisponering av ressursar og personell og ved tilføring av ekstra ressursar. Dei følgande avsnitta belyser tiltak og utgifter knytte til koronapandemien.

Omdisponerte ressursar2er tilsette som i periodar har blitt omdisponerte til anna arbeid som ei følge av koronapandemien. Dette kan gjelda både personell som er omdisponert internt i verksemda, og personell som er omdisponert til ei anna verksemd. Lønnskostnadene er førte på ordinære tenester i verksemda. Endring i arbeidsrutinar for å tilpassa seg koronasituasjonen er ikkje definert som omdisponerte ressursar.