Årsrapport 2020

3.7.2 Økonomiske mål

Krav til utarbeiding av konsolidert årsrekneskap tredde i kraft frå og med rekneskapsåret 2020. Kommunestyret har ikkje fastsett finansielle måltal for Stavanger kommune som juridisk eining. Finansielle nøkkeltal vil likevel kunna bidra til å belysa den økonomiske situasjonen per 31. desember 2020. Sjå kapittel 3.1. og 3.5. for ei omgrepsforklaring knytt til ulike finansielle måltal.

Figur 3.14 viser netto driftsresultat i prosent av driftsinntektene for kommunekassen og Stavanger kommune som juridisk eining. Netto driftsresultat blir auka med kr 43,6 mill. i konsolidert rekneskap 2020, noko som utgjer ein auke på 0,3 prosentpoeng.

Figur 3.14 Oversikt over netto driftsresultat i kommunekassen og for konsolidert rekneskap i Stavanger kommune. Beløp i millionar kroner.

I konsolidert rekneskap er investeringsutgiftene på kr 1 156 mill. Investeringsutgiftene er i større grad enn for kommunekassen finansiert med bruk av lån, slik at eigenfinansieringsgrada er 55 prosent og dermed noko lågare. Investeringsnivået er 10 prosent av driftsinntektene.

I konsolidert rekneskap er auken i driftsinntektene større enn for langsiktig lånegjeld, samanlikna med rekneskapen for kommunekassen. Dette inneber ein reduksjon i gjeldsgrada for Stavanger kommune som juridisk eining. Gjeldsgrada med og utan startlån er på høvesvis 82 prosent og 63 prosent. Tabell 3.34 viser tilsvarande at eigenkapitalprosenten er høgare i konsolidert rekneskap. Tabellen viser òg at likviditeten per 31. desember 2020 blir styrkt i konsolidert rekneskap.

LikviditetsgradRekneskap for kommunekassen per 31.12.2020Konsolidert rekneskap per 31.12.2020
Likviditetsgrad 1 2,14 2,23
Likviditetsgrad 2 1,47 1,54
Arbeidskapital 2 047 501 2 293 277
Eigenkapitalprosent 34,9 %37,4 %
Tabell 3.36 Likviditet og soliditet
Last ned tabelldata (Excel)