Årsrapport 2020

3.6 Finansforvaltning

Økonomireglane i ny kommunelov tredde i kraft 1. januar 2020. Forskrift om finans- og gjeldsforvaltning i kommuner og fylkeskommuner tredde i kraft frå same tidspunkt. Kommunestyret vedtok nytt finansreglement for nye Stavanger kommune den 16. desember 2019.

Det følger av ny kommunelov at finansreglementet skal innehalda føresegner som hindrar kommunen i å ta ein vesentleg finansiell risiko, og som sikrar at løpande betalingsforpliktingar kan innfriast ved forfall. Finansreglementet skal òg innehalda føresegner om kva avkastingsmål som skal ligga til grunn for finansforvaltninga.

Kommunedirektøren skal minst to gonger i året rapportera til kommunestyret om forvaltninga av finansielle midlar og gjeld, og dessutan etter årets utgang legga fram ein rapport som viser utviklinga gjennom året og status ved utgangen av året. I det følgande blir det gitt ei forklaring for sentrale element i finansforvaltninga. Sjå Årsrapport 2020 – Likviditets- og låneforvaltningen for ei nærare forklaring.

Formål med finansforvaltninga:

Finansreglementet skal ta vare på grunnprinsippet i formålsregelen i kommunelova om optimal utnytting av dei tilgjengelege ressursane til kommunen med sikte på å kunna gi best mogleg tenestetilbod. Dei finansielle posisjonane til Stavanger kommune skal forvaltast som ein heilskap der ein prøver å oppnå lågast mogleg netto finansutgifter over tid samtidig som det blir sikra størst mogleg føreseielegheit i den finansielle stillinga til kommunen.

Etiske retningslinjer

Investeringsstrategien til Stavanger kommune skal sikre omsynet til menneskerettar, arbeidstakarrettar, miljø og etiske forretningsprinsipp, i samsvar med Global Compact FNs PRI (Principles for responsible investments).

Alle nye finansplasseringar blir kontrollerte mot at dei ikkje bryt med dei etiske retningslinjene til kommunen. Gjennomgangen per 31. desember 2020 har ikkje avdekt nokon plasseringar som er i strid med kommunereglementet på dette området.

Finansforvaltninga i 2020

Den totale porteføljen enda opp 4,3 prosent, mot referanseindeksen som var opp tilsvarande 4,3 prosent for 2020. Den «grøne» delen av finansforvaltning bidrog med 12,1 prosent i avkasting og utgjer no over 18 prosent av den totale porteføljen. Gjeldsporteføljen hadde ei gjennomsnittsrente på 1,89 prosent (2,53 prosent i 2019). Porteføljen har tilfredsstillande tryggleik, og midlane er plasserte i samsvar med gjeldande finansreglement. Tabell 3.28 gir ei oversikt over sentrale nøkkeltal i finansforvaltninga.

 20202019
Realiserte postar- 1,70 0,90
Avkasting4,3 %5,3 %
Referanseindeks4,3 %4,7 %
Plasseringar til marknadskursar 631 604
Gjennomsnittleg bankinnskot(1) 2 189 2 285
Brutto lånegjeld(2) 9 832 8 721
(Rentesensivitet ved 1 % endring – etter 1 år) 25 12
Gjennomsnittleg lånerenter1,89 %2,53 %
*  
(1) Inkludert kommunale foretak  
(2) Ekskl. forpliktingar EK-foretak og anna langsiktig gjeld  
Tabell 3.28. Nøkkeltal frå finansforvaltninga for tidlegare Stavanger kommune i 2019, og ny samanslått kommune i 2020.
Last ned tabelldata (Excel)

Likviditet

Gjennomsnittleg innskot på konsernkonto, eksklusive finansplasseringar, var ved utgangen av desember på kr 2,2 mrd. Dette inkluderer låneopptak i 2020. I samsvar med kapittel 4 i finansreglement kan overskotslikviditeten plasserast i marknaden, men til låg finansiell risiko og høg likviditet. Alternative plasseringar som kan vera aktuelle, er pengemarknadsfond og sertifikatlån. Desse alternativa er ikkje valde, sidan vilkåra i gjeldande bankavtale gir betre avkasting. Hovudbankavtalen Stavanger kommune hadde med Sparebank 1 SR-bank, gjekk ut 31. desember 2020. Etter avslutta anbodskonkurranse blei Sparebank 1 SR-bank vald for tre nye år, med opsjon på ytterlegare eitt år.

Låneporteføljen

Tabell 3.29 gir ei oversikt over kommunen sin låneportefølje per 31. desember 2020. Rentedurasjonen seier noko om kor kjenslevar låneporteføljen er overfor ei endring i rentenivået.

KreditorGjeld pr. 31.12.20% av totalgjeldRenteDurasjon
Kommunalbanken AS 2 220 23 %1,76 %2,1
Husbanken 2 282 23 %0,88 %0,1
Obligasjonslån 5 330 54 %1,21 %1,6
Sertifikatlån    
Swap- 2 815  -2,62 %-4,1
Netto Gjeld eks. swap 9 832 100 %1,89 % 
Tabell 3.29 Låneporteføljen
Last ned tabelldata (Excel)

I samsvar med kommunestyrevedtaket om årsbudsjett 2020 (sak 61/19), vedtak i tertialrapport per 30. april 2020 (sak 28/20) og tertialrapport per 30. august 2020 (sak 73/20) blei det budsjettert med følgande lånerammer i 2020:

  • kr 366,28 mill. til finansiering av eigne investeringar
  • kr 320 mill. i startlån til vidare utlån
  • kr 46,7 mill. i låneramme til Stavanger utvikling KF
  • kr 44,4 mill. i låneramme til Stavanger boligbygg KF
  • kr 0 mill. i låneramme til Sølvberget KF
  • kr 4,0 mill. i låneramme til Stavanger Natur- og idrettsservice KF

Tabell 3.30 gir ei oversikt over faktisk låneopptak og avdrag i 2020.

Låneopptak i 2020 
Startlån mars 2020 220
Startlån september 2020 100
Obligasjonslån, 5 års FRN 366
Låneopptak u/ likviditetseffekt 91
Avdrag 
Sum avdrag 01.01.-31.12.20- 529
Brutto lånegjeld per. 31.12.20(2) 9 832
* 
(1) Ekskl. forplikting EK-foretak og anna langsiktig gjeld. 
(2) Det blir sett av avdrag på obligasjons- og sertifikatlån. Ved berekning av avdrag blir det nytta 30 års nedbetalingstid. 
Tabell 3.30 Status gjeld og avdrag per 31. desember 2020. Alle tal i mill. kr.
Last ned tabelldata (Excel)

Langsiktige finansielle aktivum

Finansporteføljen til Stavanger kommune hadde ei avkasting i 2020 på 4,3 prosent mot indeks på 4,3 prosent. Gjennom året er marknadsverdiar nytta ved kvar rapportering, men for årsrapporten blir det nytta oppgitte likningskursar frå VPS. Sett i lys av strukturen på porteføljen, diversifisering og innhald opp mot referanseindeksen, og dessutan dei nasjonale og globale marknadene med høgare risiko, så må avkastinga seiast å ha vore tilfredsstillande for året. Tabell 3.31 gir ei oversikt over avkastinga i 2020.

 20202019
Endring urealisert gevinst8,48,3
Realisert gevinst-1,71
Direkte avkasting19,221,1
Sum25,930,4
Tabell 3.31 Avkasting for tidlegare Stavanger kommune i 2019, og ny samanslått kommune i 2020. Alle tal i mill.
Last ned tabelldata (Excel)

Stresstest

Det skal i samsvar med finansreglementet gjennomførast stresstest for å berekna den moglege tapsrisikoen på porteføljen og storleiken på bufferfondet. Tabell 3.32 viser mogleg tap og storleiken på bufferfondet.

Stresstest - utvikling20202019
Mogleg tap vil utgjere46,333,9
Utvikling bufferfond75,967,5
Tabell 3.32 Stresstest for tidlegare Stavanger kommune i 2019, og ny samanslått kommune i 2020. Alle tal i mill.
Last ned tabelldata (Excel)

Stresstesten viser eit mogleg tap på kr 46,3 mill. for 2020 (kr 33,9 mill. i 2019) for den samla finansforvaltninga til kommunen. Stresstesten ser på total brutto lånegjeld opp mot aktivuma til kommunen, inkludert utlån til Lyse AS. Lån knytte til VAR-sektoren og startlån er inkluderte i finanspassivuma våre, men er ikkje tilsvarande med på aktiva-sida.

Bufferfondet til Stavanger kommune er på kr 75,9 mill. Rentemarknaden blir vurdert kontinuerleg for beste gjeldande «innlåns-/utlånsverktøy» som gir god føreseielegheit. Dette vil redusera det totale behovet for bufferfondet. I samsvar med vedteke finansreglement skal eventuelle realiserte kursgevinstar avsettast dersom bufferfondet er lågare enn det som stresstesten viser.