Årsrapport 2020

3.4.1 Eigedelar

Sum eigedelar (anleggs- og omløpsmidlar) var på kr 35,4 mrd. per 31. desember 2020, noko som er kr 0,95 mrd. (2,8 prosent) høgare enn per 1. januar 2020.

Anleggsmidlar

Anleggsmidlar er dei eigedelane kommunen har til varig eige eller bruk. Anleggsmidlane består av faste eigedommar, anlegg, utstyr, maskiner, transportmiddel o.l. Bokført verdi av anleggsmidlane var på kr 31,5 mrd. ved utgangen av 2020. Dette er ein auke på kr 0,9 mrd. (2,9 prosent) frå 1. januar 2020.

Bokført verdi på faste eigedommar, anlegg, maskiner osb. blei samla redusert med kr 14 mill. i 2020. Bokført verdi på varige driftsmidlar er reduserte som følge av nedskrivingar på kr 411 mill. knytte til mellom anna dobbeltførte registreringar av innkjøpskost for tomter tidlegare år.

Aksjar og andelar auka med kr 26 mill., utlån auka med kr 191 mill., medan konserninterne langsiktige fordringar auka med kr 40 mill. Kommunens utlån består hovudsakleg av ansvarlege lån til Lyse AS og startlån som per 31. desember 2020 var på høvesvis kr 823 mill. og kr 2,22 mrd. Auken i totale utlån er knytt til auka utlån av startlån. Pensjonsmidlane auka med kr 655 mill.

Omløpsmidlar

Omløpsmidlane omfattar bankinnskot, finansielle omløpsmidlar og kortsiktige fordringar. Bokført verdi av omløpsmidlane var på kr 3,8 mrd. per 31. desember 2020, ein auke på kr 55 mill. (1,5 prosent) frå 1. januar 2020. Bankinnskot auka med kr 45 mill. til kr 2,07 mrd. Finansielle omløpsmidlar, beståande av obligasjonar, auka med kr 19 mill. til kr 568 mill. Kortsiktige fordringar vart redusert med kr 10 mill. I kortsiktige fordringar inngår akkumulert premieavvik på kr 527 mill. Premieavviket, som er framtidige pensjonskostnader som skal utgiftsførast dei neste 7 åra, blei redusert med kr 33 mill. Premieavviket er nærare omtalt i kapittel 3.3.3 og note 11.