Årsrapport 2020

3.1.6 Disposisjonsfond

Disposisjonsfond
        Eit disposisjonsfond gir ein økonomisk robustheit til å møta den betydelege risikoen som ligg i den samla tenesteutøvinga og i investeringsprosjekta til ein kommune.

Eit disposisjonsfond gir ein økonomisk robustheit til å møta den betydelege risikoen som ligg i den samla tenesteutøvinga og i investeringsprosjekta til ein kommune. I tillegg gir det økonomisk handlekraft når føresetnadene endrar seg raskt i uønskt retning. Disposisjonsfullmakta og ansvar for fondsnivå ligg hos kommunestyret.

Fellesnemnda for nye Stavanger kommune bad om at disposisjonsfond bør utgjera minimum 6 prosent av driftsinntektene i 2019, jf. FN sak 37/18. Målet har i ettertid vore førande for det nye kommunestyret si behandling av budsjett- og økonomisaker for 2020 og er innlagt som prikka linje i figur 3.5 sidan det ikkje har vore eit gjeldande mål historisk.

Stavanger kommune oppnådde disposisjonsfond på 9,0 prosent av driftsinntektene ved utgangen av 2020. I motsetning til tidlegare år er dette målt etter at årsrekneskapen er gjort opp, jf. nye forskrifter. Auken inneber at driftsinntektene i 2020 i større grad dekte dei løpande driftskostnadene og i tillegg kunne bidra til å finansiera investeringane slik kommunestyret føresette ved budsjettbehandlinga. Resterande midlar har styrkt fondet til kommunen.

Til samanlikning er gjennomsnittleg nivå på 10,5 % for alle kommunane (ureviderte tal 2020).

Sjølv om lokalt anbefalt nivå er oppnådd, viser den historiske utviklinga og ikkje minst uvissa som har rådd i 2020, kor viktig det er å bygga opp disposisjonsfond i gode tider for å skapa handlekraft både no og i framtida. I tillegg skal fondet dekka planlagde, men enno ikkje gjennomførte oppdrag som kommunestyret allereie har bestilt.

Sjå nærare omtale av samansetninga av fonda og bevegelsane i år i avsnitt 3.4.2.

Figur 3.5 Disposisjonsfond i prosent av driftsinntekter i perioden 2013-2020. Historiske tal er samanslått til nye Stavanger kommune.